Kabel fall over rutebuss ved Voss
Ein kabel som mogleg er straumførande har falle over ein buss i rute på riksveg 13 Hardangervegen ved Opelandsvegen i Voss. Det er mogleg rotvelt som er årsaka til hendinga. Ingen passasjerar er meldt skadde, dei blir no tekne ut av bussen. Politiet er på staden.


















